Ramma for årets konfirmasjon var den beste. Vakkert ver. Fullsett kyrkje. Festkledde konfirmantar, gjester, slekt og vener. Kva meir kan ein ynskja seg. Salmane og liturgien vart synt på skjerm. Nytt var det at ved konfirmantbøna vart det synt bilete av kvar konfirmant. Eit kortvarig kabelbrot førte til at ein av konfirmantane ikkje kom fram på skjermen. Sokneprest Kjetil Kringlebotten understreka i dagens preike at i møte med Skaparen stadfestar vi dåpen. Ta vare på hjarte og vit at du er unik og viktig som menneske. Det vart tend ljos for kvar konfirmant og alle fekk i gåve kyrkjeboka Høyr kor kyrkjeklokka kallar – Uskedal kyrkje 1914 – 2014. Bilete på topp syner konfirmantane etter gudstenesta. Namna finn du i tidlegare innlegg på uskedalen.no.

Inngangsprosesjon med kyrkjelydssekretær Oddbjørg Heimark fremst.
Ved konfirmantbøna vart det synt foto av konfirmantane. Det har aldri vore gjort før.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal