Åtte konfirmantar, festkledde foreldre, besteforeldre og gjester. Det var ramma rundt ein konfirmasjon i eit strålande sommarver i slutten av august månad. Bilete syner konfirmantane saman med soknepresten Carsten Mrusek. Framme f.v: Malena Hjelmeland, Ingrid Klyve, Sigri Myklebust Lekva og Karoline Ersland Myklebust. Bak f.v: Elias Jensen Eide, Marcus Myklebust, Filip Sjo Musland og Sivert Ersland Myklebust.

Konfirmantane i kvite kapper.

Både presten og klokkaren takk for tida ein hadde hatt saman. Det vart på mange måtar eit annleis år, men tida har vore fin med vel gjennomført konfirmantførebuing. Som døypte og no konfirmerte er kyrkja ein sentral plass for alle. Kyrkja skal alltid vera open og inkluderande for alle som søkjer eit kristent fellesskap.

Soknerådsleiar, Eli Roseth Eik, helsa konfirmantane med jubileumsboka Uskedal kyrkje 1914 – 2014 og rose.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/ Ann Kristin Fausk