I desse dagar inviterer kyrkjelyden din deg som straks er ferdig med 8. klasse til å verta med oss i konfirmasjonstida 2021/2022. Konfirmasjonstida er ein viktig del av trusopplæringa i kyrkja vår, så vi reknar med at de som er døypte og medlem av Den Norske Kyrkja, vert med på konfirmasjonsopplegget. Skulle nokon likevel finna ut at dei ikkje ynskjer å vera med på konfirmasjonsdagen, kan vi koma tilbake til det seinare.

Dersom du ikkje er døypt, kan du likevel vera med i konfirmasjonstida, bli kjend med trua og så velje om du vil bli døypt undervegs. Konfirmasjonsdagen er for dei som er døypte.

Også dette året vil det meste av informasjonen nå i forkant føregå digitalt. Men for konfirmantane frå Hatlestrand, Varaldsøy og Ølve vert det informasjonsmøte/innskriving i Hatlestrand kyrkje tirsdag 8. juni kl. 15.00. Konfirmantane som høyrer til sokna Kvinnherad, Ænes og Åkra har informasjonsmøte/innskriving onsdag 9. juni kl. 15.00.

Invitasjonsbrosjyre, med mykje nyttig informasjon, vart sendt ut no i mai til alle som fyller 14 år i år og er døypte, eller står som tilhøyrande i den norske kyrkja fordi ein eller begge foreldra er medlemer.

Tekst: Kvinnherad kyrkjekontor
Foto/nett: Kristian Bringedal