Med bakgrunn i den usikre situasjonen med Covid-19 har Uskedal sokneråd utsett konfirmantjubileet til 2022. Til vanleg inviterer soknerådet til samling 2. kvart år. Etter oppsett plan skulle det vore jubileum i 2021 med samling i september månad. No vert samlinga utsett eit år. Bilete er arkivfoto frå samlinga i 2019.

Den populære samlinga med 50, 60 og 70 års konfirmantar har over lang tid vore vellukka. I nokre høve har jubileet starta med temakveld i kyrkja fredagskvelden. Det har så vore frammøte laurdagen midt på dagen med bygdevandring, museumsbesøk og sosialt samvære i Gamleskulen.

Etter gudstenesta på sundagen med presentasjon har det vore festmiddag for alle dei inviterte gjestene. No er det viktig å nå ut til alle om at konfirmantjubileet er utsett til september 2022.

Dette gjeld desse konfirmantane, tilsaman 9 kull.

  • Dei som er 70 års jubilantar, konfirmerte 1950, 1951 og 1952
  • Dei som er 60 års jubilantar, konfirmerte 1960, 1961 og 1962
  • Dei som er 50 års jubilantar, konfirmerte 1970, 1971 og 1972

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal