Den store konfirmanthelga er over for denne gong. Dersom alt går etter planen, er neste samling om to år. Soknerådet har god erfaring og godt grep på jubileet, frå planlegginga tek til på våren med å finna namn og adresser til sjølve gjennomføringa. Det var i Audun Eik si tid som soknerådsleiar at samlinga vart utvida til to dagar. Til Uskedalen.no fortel Audun at han synst det var i minste laget med ein dag då mange eldre konfirmantar var tilreisande og måtte ha overnatting.

Kirsten Sæle Bruvold fortalde levande frå skuletida si i Uskedalen. Ho minnest særleg læraren sin, Anna Omvik.

Alle konfirmantkulla vart presenterte på gudstenesta i kyrkja. Så var det middag på Verthuset Perla. Gunnar Haugland ( konfirmant 1951 ), Vigliv Bjelland Brandvik ( konfirmant 1952 ) og Kirsten Sæle Bruvold ( konfirmant 1970 ) nytta høve til å sei fram helsing. Alle har rike minne frå skuletida og oppveksten i Uskedalen. Det er Uskedalen som er heimbygda sjølv om alle har heimen sin andre stader i dag.

Vigliv Bjelland Brandvik frå Huglo vaks opp i Uskedalen. Ho las frå faren, Wilhelm Bjelland, sin song til Uskedalen.

Sokneprest Kjetil Kringebotten fortalde om seg sjølv, om utdanning og prestegjerning. Han presenterte kona si Carole som kjem frå område kring York.

Ei minnerik konfirmantsamling er over. Soknerådet takkar alle som kom og alle som hjepte til på så mange måtar.

Sokneprest Kjetil Kringlebotten presenterte kona si Carole og fortalde mellom anna frå studietida si i England.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal