Med konfirmantar frå 1953, 1954,1963, 1973 og 1974 la soknerådet ut på bygdevandring i dag, dag 1 av ei to dagars samling. I morgon, sundag, er det gudsteneste og festmiddag på Vertshuset Perla. Med frammøte i dag kl. 15 hadde ein av jubilantane, Harald Sætre, eit minikåseri med humor om oppveksten i eit bakeri i sentrum i Uskedalen. Bakar Sætre var særleg kjend for grovbrøda sine, og det langt utover Uskedalen og Kvinnherad. Turen gjekk vidare med buss til Børnes og stopp med informasjon om fiskematprodusenten Hjønnevåg. Dagleeg leiar, Marit Hjønnevåg, tok oppgåva på sparket og fortalde kort om familieverksemda Hjønnevåg frå starten i 1948 til i dag. Harald Hjønnevåg, konfirmant 1953, var med på turen.

Nokre av jubilantane samla i skulestova på Haugland, med lærargalleriet i bakgrunnen.

Nytt og kreativt var møte med advokatfirma Døssland. Bjarte fortalde levande om verksemda og det å driva som advokat på heimetunet, eit firma med tre tilsette, alle med kvar sine spesialitetar. Dei eldre konfirmantane fekk koma tett på i møterom og kontor, ikkje minst i boksamlinga. Artig å sjå at der alle trudde det var lovbøker og fagbøker i jus. der var det klassisk skjønnlitteratur.

Marit Hjønnevåg, dagleg leiar, og Olina Hjønnevåg Heimvik. Olina har hatt sommarjobben sin på Hjønnevåg.

Over smal bru på Haugland gjekk turen vidare til skulemuseet med vekt på skuleminne og innsyn i det flotte lærargalleriet bak i skulestova.

Dagen vart avslutta med kafebesøk på Tiaren. Liv S. Eik og Gunnlaug Eik stod klar med heimebakst og Selma sine mjølkekaker. Torkel Stensletten ( konfirmant 1963 ) orienterte om prosjektet Utvandring frå Uskedalen, det som skal bli ei bok hausten 2025.

Advokat Bjarte Døssland i kontorstolen sin i det som var daglegstova i den gamle gardshuset på Døssland.

Takk til alle gode hjelparar, ikkje minst til den stødige og lokalinteresserte bussjåføren, Torgeir Øye.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal