Presentasjon av konfirmantane i år er litt utanom det vanlege. Til vanleg er det nøyaktig oppstilte bilete der alt skal vera på stell. Her kjem ein variasjon. Frå sakrestiet ser vi innspurten med å få på kappa med alle knappane. Ute tek soknepresten, Kjetil Kringlebotten, selfi der alle konfirmantane er med. Elles gjekk konfirmantgudstenesta stort sett etter oppsett plan. Klokkaren byrja på feil samlingsbøn to gonger. Etter to forsøk kom den rette bøna på plass både på skjerm og på lap top. Ikkje alt kan vera perfekt. Nokre mindre feil må vi ta med. Til lukka til alle, – konfirmantar, foreldre og slekta elles.

Ei fullsett kyrkje i Uskedalen i dag.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kjetil Kringlebotten/Siv Framnes/Kristian Bringedal
Ikkje alltid så lett å få alle til å sjå mot fotografen.