
Kommunevalet 23: Godt frammøte i eit fint valver.
Det har vore godt frammøte på den fyrste valdagen. Veret kan vera ei årsak. I dag var det eit fint valver. Mange nytta høve til å røysta før eller etter sundagsturen. I morgon er det dårlege vermeldingar. Valet i Rosendal var godt organisert med god skilting, romsleg lokale og med god hjelp frå valfunksjonærane. Om lag 30 % av alle røysteføre i Kvinnherad har førehandsrøysta. Dei fleste frå Uskedalen har røysta på ein av dei to torsdagane på SPAR. I morgon, måndag 11. september, er opningstida i Samfunnshuset i Rosendal frå kl. 10.00 til kl. 19.00. Bilete syner valfunksjonærane Åse Neset Myklebust og Sunniva Tveito.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal