Uskedalen.no har skrive om saka om buplikt på nedre Fet i Uskedalen. No syner det seg at kommunen har tolka regelverket feil. Statsforvaltaren har handla kjapt og sagt klart at det ikkje føreligg høve til å sei nei til søknad om konsesjon. Konsesjonslova § 5 ved overtaking av eigedom frå foreldre er konsesjonsfri, men dersom eigedomen har meir enn 35 dekar fulldyrka og/eller overflatedyrka jord, eller meir enn 500 dekar produktiv skog, er konsesjonsfritaket avhengig av at den nye eigaren buset seg på eigedomen og sjølv bur der i fem år, skriv Statsforvaltaren. Det er Grenda som melder dette i dag.

Gardsbruket på nedre Fet er 29,4 dekar stort. Eigedomen er med andre ord ikkje omfatta av reglane om buplikt i konsesjonslova § 5, og Tor Sigve Sjo treng såleis ikkje konsesjon for å halda fram som eigar, sjølv om han ikkje buset seg på eigedomen.

Kvinnherad kommune har sidan 2019 brukt føringar for buplikt på landbrukseigedomar med meir enn 20 dekar dyrka jord. Statsforvaltaren skriv at kommunen ikkje har høve til å innføra andre bupliktsreglar enn dei som er vedtekne av Stortinget.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Kjelde: Morten Nygård - Grenda