Uskedalen.no er kjend med at med bakrunn i forhandlingar med grunneigar innløyser og kjøper Kvinnherad kommune det eine av dei to bustadeigedomane som ligg i planområde Børnes Næringsområde og som i planen er regulert til næring. Huset er bygd i 1956. Tomta er tinglesen i 1954. Det var familien Selma og Sigvald Roseth som bygde og budde her. Huset har vore i familien si eige heile tida. Familien, som har budd i huset den siste tida, har kjøpt seg hus i Herøysundet. Dei er klare for flytting ved nyttår.

I plandokumentet for Detaljreguleringsplan Børneset kjem det fram at plassering og nærleik til næringsverksemdene i område kan føra til ulemper og helsemessige dårlege løysingar om ein vil halda fram å bu på plassen. Eigedomane kan nyttast til bustadføremål fram til kjøp/overtaking. Føresegnene stengjer for utvikling av eigedomane, noko som er negativt for eigarane i dag.

Huset på Børnes er kjøpt etter takst og vanlege retningsliner for innløysing av eigedomar i slike saker. Kvinnherad kommune stadfesta innløysing og kjøp.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal