Kommunalt veg- og vassvedlikehald i Uskedalen.
To gruppe frå kommunen sin VVA avdeling har den siste tida utført oppgradering og vedlikehald i Uskedalen. Det gjeld gruppa for vatn og avlaup med arbeid for å minska overflatevatn i avløpet for kloakk og veggruppa som har reinska grøfter langs kommunale vegar. Den siste gruppa har også retta skiltet som syner veg til Kvinnhetad Vakestbedrift, avdeling Trelast. Dette er rett nok ikkje eit kommunalt skilt, men no vart det gjort etter at to vogntog har i den skarpe svingen drege skiltet ut av posisjon. Arbeidet med veg, vatn og avløpet gjer at ein er lagt betre førebudd ved store nedbørsmengder og dermed vatn i overflategrøfter og i vegbanen.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal