På søndag f.k. så blir det servert nysteikte vafler og kaffi i Vonheim – frå kl 12 til 16. Vermeldingane er ikkje dei beste, men det treng ikkje gjera noko for frammøte. Det er ope skulemuseum og uteplassen kan brukast til leikar. Kom på Dalen og ver med på ei gild økt i tunet ved Vonheim og Skulemuseet. Inntekta går til drift og vedlikehald av forsamlingshuset Vonheim.

Ivrig leik på skuleplassen. Vi pirkar rotte.
Tekst: Møyfrid Kristoffersen
Foto: Kristian Bringedal/ Møyfrid Kristoffersen
Nett: Kristian Bringedal