Det går “slag i slag” i kyrkja for tida. I går var det presteinnsetjing. I morgon, tysdag 18. oktober kl. 18.00, er det ny salmekveld. Uskedal Musikklag og kvartetten ÆRE er på plass. Det vert mykje song, salmar vi kjenner og nokre nye. Tema er Guds omsorg, hausttakkefest og årstida haust. Kantor Eva Megyesi har det musikalske ansvaret og det vert fortald litt om bakgrunnen for tekstane og melodiane. Det er lagt opp til ein liten pause med kaffi og noko å bita i. Alle er velkomne til ei gild songstund i kyrkja i morgon, tysdag, kl. 18.00.

Kvartetten ÆRE. F.v: Aslaug Hellesøy, Eva Megyesi, Svein Rimestad og Kristian Bringedal
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto/ Frode Sæbø