Kom og ver med på Rein Hardangerfjord, torsdag 18. september. Meld deg som ryddeleiar.
Blir dykkar lag med på årets viktigaste dugnad i Hardangerfjorden torsdag 18. september ? For å kunne gjennomføra Rein Hardangerfjord treng me ryddeleiarar som kan leia offentlege aksjonar i din kommune. Er det kanskje deg, eller nokon i ditt lag, me ser etter ?
Som ryddeleiar er du ansvarleg for ei gruppe frivillige som skal rydda på eit område, og du er óg ansvarleg for å henta utstyr som hanskar og sekkar (lokalt i din kommune), og å sørgja for at bosset hamnar på avtalt plass i kommunen etter dugnaden er ferdig. Du får all info du treng av oss og/eller din kommunekontakt, så det trengs ingen spesiell erfaring. Berre engasjement og eit ønske om å bidra!
Har de lyst å stilla opp? Kontakt meg på mail eller melding eller les meir på www.framtidshavet.no
Sabine Graeff
Prosjektleiar Kulturkontoret
Frivilligansvarleg
M. 483 41 105
www.kulturkontoret.as
Tekst: Redigert og henta frå FB Foto: Arkiv Nett: Kristian Bringedal