Kom og ver med på Lysmarsj saman med Børsdalsnissen over Skårhaug, torsdag i denne veka. Møt fram ved Grano kl. 17.00
Komande torsdag kl. 17 er det lysmarsj over Skårhaug. Nytt i år er at Børsdalsnissen er med i fylgje. Ikkje nok med det. Dei nye lyslekkjene er klar til bruk. Alle, som har, går med hovudlykt i samla flokk fram til toppen av Skårhaug. Her ser vi på Nissekassen. Ta med teikningar og kort til nissen. Om du vil bruka Nissekassen seinare i advent og i jula, går det fint.

Marsjen går vidare ned til P plassen. På vegen ned høyrer vi julemusikken frå Uskedal Musikklag. Dei spelar meir som ein del av programmet. Friluftslaget serverer gløgg og kakemenn, sponsa av SPAR. Julebrus og kaffi. Det er siste innspurten på vedlotteriet denne hausten. Alt same kvelden er det trekking av 15, 10 eller 5 sekker ved.
Lysmarsj av Skårhaug var ei nyhending i fjor. Då opna vi den nye parkeringsplassen. No er det kome veglys og vegsikring med gjerde.

Difor: Finn fram hovudlykta. Ta turen til Grano komande torsdag. Klar til avgang over Skårhaug kl. 17.00.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto