Uskedal Utvikling kallar inn til kurs og innføring i bruk av nettsida uskedalen.no, onsdag i denne veka kl. 19.00 i Gamleskulen. Styret v/ Gunn Mari Moberg skriv:

Skal nettsida vår uskedalen.no leva vidare. må vi ha hjelp. Vi ynskjer at alle lag i bygda har ein eller fleire som kan bidra med saker til nettsida. Vi ynskjer og at dei ansvarlege kan publisera sakene sjølve. Vi lagar difor til eit kurs i Gamleskulen onsdag 16. oktober kl. 19.00. Der vil det bli ein grei gjennomgang og ein får prøva seg på eigen laptop. Ta med laptop/berbar PC.

Helsing Uskedal Utvikling

Tekst: Styret
Nett/foto: Kristian Bringedal