Kom og ver med på julegrantenning - julemessa opnar kl. 16.00
Fredag 1. desember og vi er klar for tenning av den flotte julegrana i Uskedalen. Sjølve tenninga er kl. 17.00, men ein time før er det ope i Helgheim og i Gamleskulen for standar, sal og program. I kyrkja er det Open mikrofon og Singing Tweens står fram med song.. Les meir om programmet under:
Frå kl. 16.00: Ulike aktivitetar
- Kl. 17.30: Singing Tweens held konsert i kyrkja – open mikrofon
- Uskedal Musikklag spelar juletonar
- Uskedal ungdomslag sel julegraut i Helgheim – kjellaren
- Russen sel kaffi og kaker i Gamleskulen
Kl. 17.00: Vi tel ned og Julegrana vert tend – Børsdalsnissen kjem med noko godt til borna
Julemesse med desse standane:
- Hjønnevåg – fiskeprodukt
- Friheim Gardsmat – kjøttprodukt
- Laga på Holmen – tekstil
- Kjellaug Hella – haringekaker
- Marit Grønstøl – strikke- og syprodukt
- Gaute Haugland – kreative produkt
- Belno Sukkerfe – sjokolade og cupcakes
- Mayesha Samiha – hennamaling frå heimelandet hennar Bengladesh
- Eik Gard – honning og eplemost
- Uskedal historielag sel Årbok 1 og 2 – Uskedalen den nære fortida
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto