Kom og ver med på den årlege Hjartemarsjen.
Nasjonalforeningen for folkehelsen sin årlege hjartemarsj går av stabelen i Uskedalen i tida framover. Hjartemarsjen i Uskedalen er i regi av Uskedal Helselag. Løypetraseen går over Dønhaug, rundt Neset, båthamnene og Rabben Feriesenter. Det er lagt opp til merka postar med quiz. Alle vert oppmoda om å delta. Svarlappen legg ein i samleboksen som er plassert i inngangspartiet på SPAR. Målet med Hajrtemarsjen er å fremja god folkehelse og på den måten hindra hjarte- og karsjukdomar.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Jofrid Eik