Velkomen til møte i Husnes kulturhus torsdag 8.12 kl. 11.00. Grunna servering treng vi eit oversyn over kor mange som kjem. Send ei melding til tlf 41103932. PÅMELDING INNAN ONSDAG 30.NOVEMBER. Fargeklatten Oddny Irene Miljeteig kom tre år gammal til den veglause bygda Tøsse i
Åkrafjorden der ho vaks opp i enkle kår. Derifrå gjekk vegen til Etne og Odda på skule. Etter kvart enda ho opp i Bergen der ho blei ein markant politikar med hjarte for dei svake i samfunnet. Frittalande og uredd har ho stått på barrikadane og jobba for målsak, kvinnesak, fagforeiningssak, og ho har slått ned på all hovmod og urett. Ho er kjend som ein dyktig
underhaldande talar og kåsør. Ta med deg ein ven og kom. Vel møtt!

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal