Forfattaren Torkel Stensletten blir å treffa 19.-24. april i Uskedalen.

Torkel Stensletten har mest fullført skrivearbeidet til boka om utvandringa frå Uskedalen til Amerika. No ønskjer han at flest mogeleg hjelper til med bilde. Derfor blir den utflytta uskedelingen å treffa her i Uskedalen frå 19. til 24. april. Då vil Torkel vera tilgjengeleg, slik dei som har bidrag, kan møta han. Han blir stort sett tilgjengeleg både på kveldstid og dagtid så det er berre å ta kontakt med han, tlf. 483 54 489, og gjera avtale. De kan også kontakta Astrid Haugland i skriftstyret, 958 20 080, så vil det bli vidareformidla, men det er enklast med direkte kontakt til Torkel. Dette er eit storarbeid, og det blir svært interessant å få boka i hende. Boka er planlagt utgjeven i 2025 då utvandrarjubileet også blir markert.

Her kan de lesa kva melding Torkel sjølv skriv på facebooksida til Uskedal Historielag:

Utvandrarprosjektet – Vi treng bilete.
Som mange etterkvart kjenner til, vert det bok om utvandringa frå Uskedalen. Det reiste folk frå alle gardane og dei fleste bruka og husmannsplassane. Eg vil tru at det finst mange bilete som er sende heim til Uskedalen frå dei som reiste til Amerika.
Vi i Uskedal historielag vil setja stor pris på om dei som har gamle bilete, eller veit om slike, kan leita dei fram og ta kontakt med oss i skriftstyret. Vi kan då avtala tid for skanning av bileta. Vi planlegg at vi vil ha fleire økter for skanning i dagane 19. til 24. april, både på dag- og kveldstid. Dersom det skal bli ei god bok, treng vi bilete av personar, frå kvardagsliv, frå farmar og andre verksemder.
Alt er av interesse. Ikkje vent for lenge med å leita fram bilete – det vert for seint når boka er sett i produksjon.
Biletet over er teke av fotograf Chris P. Myklebust på ein av turane han hadde heim til Uskedalen. Det er på Øvre Fet, bruk 2. Personane er ukjende og vi er takksame dersom nokon kjenner namna på desse. Dei to karane med kvite skjorter kan vera “amerikanarar” som er heime ein tur.

Gledeleg respons på bildet ovanfor på facebook. Torkel har fått god informasjon om bildet, og han har i tillegg fått fleire bilde.

Nett: Thor Inge Døssland