Marit Hjønnevåg kom ikkje tomhendt heim frå den årlege Aqua Nor- messa i Trondheim. Med seg hadde ho to gullmedaljar som Brødrene Hjønnevåg vann i NM i sjømat tidlegare i år. Tildelinga er for varmrøykt laks og i kategorien fiskepudding. Med denne tildelinga har verksemda rett til å bruka gullmedaljen på logoen. Så langt har Hjønnevåg vunne heile 10 medaljar for produkta sine. Bilete syner Marit Hjønnevåg på Aqua Nor – messa saman med Arne Hjeltnes.

Varmrøykt laks var eit av produkta som fekk gullmedalje i NM i sjømat.

Til Kvinnheringen fortel Marit Hjønnevåg at det ligg mykje målretta arbeid bak desse utmerkingane. Ein må vera nøyen med oppskriftene, ha god produksjon og ikkje minst sikra tilgang på godt råstoff. Det mest krevjande er tilgangen på ferske og gode råvarer. Hjønnevåg gjer sine innkjøp langs heile kysten. Dette krev god logistikk og ein infrastruktur som gjer at ein kan få inn ferske og gode råvarer til rett tid.

Lokal matproduksjon og rekruttering innan matfaget er to tema Marit brenn for. Ein føresetnad for å lukkast med lokal matproduksjon er at vi handlar lokalpoduserte matvarer. Auka produksjon fører igjen til trygge arbeidsplassar. Hjønnevåg har i dag dyktige medarbeidarar. Ei utfordring kan likevel vera å få rekruttert fagarbeidarar i produksjonen. Marit har vore medlem i eit rådgjevande utval på nasjonalt plan som har lagt fram ein rapport om korleis ein kan betra denne situasjonen.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Hjønnevåg