Ikkje noko å sei på interessa for Uskedal Historielag sitt arbeid for å dokumentera, ta vare på og formidla den lokale bygdesoga. På årsmøte i kveld var det faktisk frammøte frå Hønefoss, Bergen og Stord i tillegg til medlemer i Uskedalen. Styret held fram som no: Kristian Bringedal, Ståle Eik og Svein Rimestad. Varamedlemer: Eli Roseth Eik, Bjørgulv Eik og Knut Stensletten.

Godt frammøte til årsmøte i Uskedal Historielag.

Styret peikar ut arbeidsgrupper:

  • Skriftstyre
  • Arkivgruppe

Årspengar for 2026 er uendra, kr. 200,-. Betal til konto: 3207.37.52026

Årsmeldinga fortel om eit omfattande og grundig arbeid. Utvandrarjubileet med bok og seminar var hovudsatsinga i 2025. Økonomien i laget er god. Medlemstalet er over 100.

Frå arbeidsplanen for 2026 tek vi med:

  • Årbok 4 i serien Den nære fortida – bokslepp – sal
  • Opne møte med tema
  • Foto- og mimrekveldar
  • Formidlling med bygdevandring, 8. mai med tilbod til Uskedal skule, omvisningar – mellom anna på Haugland skulemuseum
  • I samarbeid med Dugnadsgruppa, grunneigar og kommune kalla inn til møte og vera med på nyopning av Bygdetunet Rød/ Kverna
  • Halda fram med innsamling, sytematisering og registrering av arkivmateriale.

På møte var det matøkt med song for maten, muffens og heimebakte mjølkekaker. Ikkje verst det heller.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian/Thor Inge