Kvar laurdag den siste tida har det vore innsamling på Ukrainalageret i Uskedalen. Interessa er stor og det kjem gjevarar frå heile kommunen. Sist laurdag var det til tider kø for å få levert sekker med kle og sko og anna utstyr. Petol har donert brannsløkkingsutstyr. Kopimaskin, miksepult, høgtalar, syklar, rullestolar, senger og madrasser er noko av det som står klart for opplasting. Innsamlingstida kan bli forlenga. Melding kjem seinare.

I mottaket finn vi f.v: Tormod Myklebust, Leif Jarle Bergstø og Marcus Myklebust.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal