
Knut Gilberto Sæbø nr. 3 i Sunnfjord Triatlon.
Knut Gilberto Sæbø som konkurrerer for Idrett utan Alkohol, har siste åra levert solide prestasjonar både i fjellmaraton og vanlege maratonløp. Laurdag debuterte den veltrente uskedelingen i triatlon då han var i deltalarfeltet på 17 på normaldistansen i Sunnfjord Triatlon. Han kom svært godt frå debuten og blei til slutt nr 3 i feltet. Han var sjølv godt fornøgd, sa at det var kjekt og gav meirsmak. Bilde er frå starten. Knut er næraste deltakar.

Normaldistansen i triatlon startar med 1500 m symjing før dei skifter og hiv seg på sykkelen i 40 km. Det blir avslutta med 10 km løping.
Knut Gilberto fortel at han var veldig spent før løpet då han hadde lite spesialtrening i symjing. Dessutan var sykkeltreninga stort sett sykling til og frå jobb. Etter løpet var han godt fornøgd med det han presterte i alle tre disiplinane, og han syntest også kles- og skoskifta mellom dei hadde gått greitt.
Etter symjinga låg han omtrent mitt i feltet på ein 7. plass. Denne plasseringa heldt han gjennom sykkeletappen før han sprang seg opp til 3. plass på den avsluttande delen.
– Eg syns både symjinga og syklinga gjekk betre enn forventa, og løpinga opplevde eg som veldig bra. Det var veldig kjekt, og eg syns det var fine løyper i flotte omgivelsar i Naustdal, oppsummerer Knut G. etter målgang. Han legg til at det var store variasjonar i utstyret. Medan Knut Gilberto har ein bra 17 år gammal sykkel, var det konkurrentar som stilte med svært dyre syklar, faktisk opp til 150.000 kroner
Han fortel om eit flott arrangement der det blei konkurrert i alt frå knøttetriatlon til sprinttriatlon og normaldistanse i ulike klassar. Eit flott og kjekt stemne!!
Tekst og nett; Thor Inge Døssland
Foto frå Sunnfjord Triatlon si facebookside