Billettsalet lovar godt. Det aukar på med frivillige, men framleis treng ein nokre til, særleg som trivselsvakt og i gruppa rigging. Tidleg i denne veka var det selt 1500 billettar til kvar kveld. Det er eit godt tal til å vera så tidleg. Tilstrøyminga i år kan føra til publikumsrekord. Den som er frivillig ein av kveldane, får fri inngang den andre kvelden. Du finn meir informasjon på Facebook og Festidalen si heimeside. Der finn du også ein kontaktskjema. Elles er Festidalen godt profilert med mellom anna banner, plakatar og figurar utplassert på sentraler plasser i bygda.

Festidalen er synleg og godt profilert på fleire sentrale plasser i bygda.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Festidalen/ Kristian Bringedal