Airbnb som buform starta i San Fransisco i 2008. Det var to studentvener som opna opp for utleige då hotella var fullbooka. Direkte omsett: Air bed and breakfast – luftmadrass og frukost. Denne utleigeforma har vore i Uskedalen i fleire år. Det er ei form for korttidsutleige.

Carrie og Jim slappar av før avreise tilbake til USA.

I dag finn vi i underkant av ti utleigeobjekt i bygda som vert definert som Airbnb. Det er alt frå større hus med mange soverom til mindre leilegheter med berre eitt soverom. Booking og reservering skjer på nettet. Det er ope for alle å sjå kva utleige inneber av fasilitetar og kundevurdering.

Ein av dei som driv utleige på Airbnb, er Marius Mathisen på Skansen. ( Sjå bilete på topp ) Han fortel til uskedalen.no at inntektene vert brukt til kostnader med vedlikehald på det store huset på Skansen. Samtidig ynskjer han å finna ein balansegang med antal utleigedøgn. Marius set stor pris på godt naboskap og god hjelp. Tilbakemeldingar frå gjestene er panegyriske om opplevingar i Uskedalen og i omåde rundt. Det er flott at fleire oppdagar den fantastisk flotte bygda. På ein skala frå 1 til 5 er Skansen tildelt maks skår.

Det gamle handelshuset på Sanden er eit av utleigemåla for Airbnb i Uskedalen.

Uskedalen Brygge i Beinavikjo ligg ute med to leilegheter for korttidsutleige. Eit av objekta er tildelt topp skår, det andre er tildelt eit snitt på 4,96.

Uskedalen.no møter to nøgde turistar frå Washington, USA. Carrie Rowe og Jim Mc Donough. Begge er pedagogar og jobbar innan faga helse og spesial undervisning. Dei har vore to veker i Noreg og avsluttar feiren i Uskedalen før avreise til USA. I landet har dei mellom anna vore i Geiranger, Jotunheimen Nasjonalpark og sykla Rallarvegen til Flåm. Før utsjekk la dei ut på ein lengre symjetur, halvvegs til Skorpo. Ein tur opp dalen for å sjå Ulvanoso høyrer med.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal