Klepp og Flåtene er turmåla for tida. Klepp ligg på Hauglandsfjellet. Flåtene ligg i Eikedalen. Steinar Kroka har laga og montert skilt på begge gapahukane. Skilta vart montert no i påskeveka og mange har i dag på Skjærtorsdag funne vegen dit. For alle påskegjestene, som er i bygda denne helga, legg uskedalen.no ut ei skildring av den merka turvegen/stien fram til Klepp og til Flåtene.

Flåtene ligg i Eikedalen. To alternative ruter fører fram til turmålet.

  • Start ved Kapteinsgarden/ Elins Matgleder på Nedre Fet. Skilt syner kor du tek av frå Fylkesvegen. Straks ovom børgardsgjerde går du på skogsveg inn Eikedalen, 2 – 3 km, og du kjem fram til ei open slette. Du kryssar Eikeeleva på bru og Gapahuken er lett synleg i lende.
  • Start ved Eikebrua. Skilt syner kor du tek av frå Fylkesveg 48. Du går nokre hundre meter på Eikevegen, tek av til venstre ( skilt ) og går framom Uskedal Vassverk sitt inntak og behandlingsanlegg, vidare 2 – 3 km inn Eikedalen, anten langs elva eller på sti litt lenger oppe i åsen. Du kjem fram til den opne sletta, Flåtene ( tyder flatene ) og Gapahuken er synleg.

Ein kombinasjon av desse alternativa fungerer fint. Du går opp på den eine sida av Eikeelva og ned på den andre. Ein fin tur på 1 – 2 timar.

Skilt er montert på gapahuken på Klepp.

Klepp på Hauglandsfjellet

  • Køyr til Haugland og parker bilen ved avkøyrsla til Kalkdoseraren eller nokre hundre meter lenger sør på Fylkesvegen. Skilt syner kor du tek av til Mannsvatn og dermed også Klepp. God skogsveg svingar seg opp lia. Tel fem svingar. I den femte svingen ( skilta ) tek du av til venstre og går bort lia mot nord i lende. Om lag 300 – 400 meter kjem du fram til eit utsiktspunkt med nokre større flyttblokker. Du er på Klepp og gapahuken er lett synleg. På vegen opp lia går du framom motiv på stein, målte av Gaute Haugland.

Hugs: Pass på dersom du har hund med. Ikkje legg att bos. God tur.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Nelly Kjærland/ Steinar Kroka.