Klart for sesongens første skirenn i Fjellhaugen komande søndag.
Endeleg! Neste søndag arrangerer UIL årets første skirenn i Fjellhaugen! Det blir to renn i eitt! Det er årets første karusellrenn, og i tillegg er det Kvinnheradsmesterskap. Rennet går i fristil. Det blir også arrangert barnerenn.
Trass i manglande snøforhold tidlegare i sesongen, har den aktive skigruppa hatt treningar på forskjellig underlag kvar veke. Nokre av løparane har også delteke i konkurransar andre stader, og dei gjorde det mellom anna svært godt under kretsmeisterskapet som gjekk på kunstsnø på Voss.
Uskedal idrettslag er arrangør og dei har sendt ut følgjande invitasjon:
NB: Påmelding må skje via linken nederst i saka då invitasjonen er lagt inn som bilde.
Deltakarar kan melda seg på HER.
Tekst: Skigruppa og Thor Inge Døssland Foto: Skigruppa, UIL. Nett: Thor Inge Døssland