Klart for nytt vedlotteri!
Loddsalg ved Spar på lørdag.
Komande lørdag er igjen den blide trioen på bildet på plass utanfor Spar Uskedalen. Uskedal Friluftslag er nemleg i gong med ein ny runde med det kjekke og varmande vedlotteriet. Som før er det 3 gevinstar. 15, 10 og 5 sekker svært så god ved, og kvar sekk er på 80 liter. Loddprisen er også som før, nemleg 100 kroner for kvart lodd. Det blir mogeleg å betala både med vipps og kontantar.
Alt no kan dei som ønskjer det, kjøpa lodd ved å bruka vipps. Det er berre å betala ønska sum til vipps nr. 60 55 65 så vil kasseraren føra opp rett antal lodd. 100 kr gir eit lodd, 200 gir 2 osv. Betalingane kan godt merkast lotteri.
Inntektene frå loddsalget går til drifta av stemneplassen. Der har det jo skjedd svært mykje posistivt siste åra. Opprustninga av møterommet gjer at det er svært mykje brukt, turvegen til Skårhasug blei opna i mai og 15. august blir toppløpet Skårhaug Opp arrangert i samarbeid med Uskedal idrettslag. Plassen er svært godt halden utvendig med rydjing av buskar, jamnleg slått og målararbeid. Veden som er gevinstar i vedlotteria har også blitt henta på plassen på dugnad.
Dei tidlegare vedlotteria har gjeve godt med midlar til drifta. Mange set pris på og vil støtta arbeidet ved å kjøpa lodd, og når det no nærmar seg haust, og etter kvart kaldare tider, må gevinstane vera midt i blinken. Trekninga av lotteriet blir på LivOGLyst-dagen 26. august.
Tekst og nett. Thor Inge Døssland