Klargjering til sommarsesongen på Øyro Marina og Camping.
Det går slag i slag med klargjering til sommarsesongen i båthamnene og på campingplassane. I går skreiv vi om opprustning av den såkalla kyrkjevegen. I dag er Geir Enes i full sving med grusing og påfyll av sand i sandkassen på Øyro Marina og Camping. Frå før er det kome planter i blomestativa på elvekanten, i båthamna og ved Vertshuset. Geir Enes fortel til uskedalen.no at arbeidet må reknast som ordinært vedlikehald. Han skal vidare reparera/rusta opp leikestativet og elles flikka litt på veggene på Vertshuset. Uteområde ved Pertshuset Perla skal også takast.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Geir Enes/ Kristian Bringedal