Heile åtte helselagsmedlemer var i dag i full sving med klargjering til den store og populære basaren til Uskedal helselag. Mange gåver og gevinstar skal sorterast og setjast på plass. Det må vera rekord, seier styreleiar Elin Legland. Ein fantastisk innsats og støtte frå medlemer og andre i bygda.

I fjor gav basaren ei inntekt kring kr. 60 000,- noko som er med og sikrar lagdrifta med mange aktivitetar og som legg grunnlaget for gåver til gode føremål innan helse, også til andre lag i Uskedalen. Basaren i morgon er lagt opp slik:

Marian Hauso og Elin Legland syner fram litt av alt som er kome på plass av gevinstar.

  • Fire omgangar med årar a. kr. 10,-
  • Ein omgang med årar a. kr. 20,- ( mange vinstar )
  • Bøkene: Ei bok med geninsten skjortesaum. Ei bok med 38 gevinstar
  • Gratis kaffi, saft og kaker.

Takk til alle for god støtte.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal