Skogsvegen på Haugland(Pålavegen) er ikkje berre brukt av eigarane. For turgåarar og trimmarar er det eit særdeles godt alternativ dersom ein først klarer den beinharde dørstokkmila. I sommar har ein overraskande stor del av turgåarane til Hauglandsfjellet vore tilreisande.
Vegen er i god stand, og mange har også kjøpt seg rett til å kjøra den. Siste to dagane har det føregått nødvendig, førebyggjande vedlikehald før hausten og vinteren. På bildet ser vi Pål Haugland har laga stikkveit rett ovanfor hovudvegen. (Les vidare og bli med i quizen nederst i saka).

I går var Pål Ingmar Haugland(16 år) i sving med å skrapa vegen frå hovudvegen og opp til svingen på Vårstøl samt ei par hundre meter vidare frå svingen og innover i Muslandslio. Han skrapte over den fleire gonger, og vegen var så fin og slett som eit stovegolv då han var ferdig. Denne karen burde dei vegansvarlege i kommunen og fyklet ha headhunta så fort det let seg gjera!!

Då eg starta turen min nede ved hovudvegen i dag hadde bestefaren hans, Pål, laga stikkveiter på same strekningen. Det er heilt nødvendig for at vatnet skal renna av i kragtig regn. Då får det no heller våga seg at det fine “stovegolvet” som Pål Ingmar hadde laga, får litt sprekker i kantane.

Eg slo naturleg nok av ein prat med Pål som fortalde at dette var førebyggjande vegdlikehald, og dei hadde ein slik runde kvar vår og kvar haust. Det er heilt avgjerande for at det ikkje skal grava og vaska vekk grusen når dei kraftige regnperiodane kjem. Eg nemner for han at det er mange stikkveiter så det er ein heila jobb.
– Ja, det går no ein del tid i det, men det går no lett no i forhold dei første 30 åra. Då blei alle stikkveiter laga ved handamakt, fortalde han. No brukar han først traktor med eit skjer. Deretter tar han seg ein tur og tar nødvendig finnpuss med grafse.

Då eg starta oppturen etter praten kom eg til å tenkja på kor mange stikkveiter det eigentleg var. Eg fekk lyst til å telja dei. Dermed blei dagens turmål Vårstøl. På tur ned att talde eg alle stikkveitene som Pål hadde laga tidlegare på dagen. No utfordrar eg lesarane til å tippa kor mange det er, og senda svaret på SMS til 932 88 237 innan kl.21 i kveld. Det blir ingen store premiar, men vinnarane får æra av å få namnet sitt påført i slutten av denne artikkelen. Det er også mogeleg å klara det, for då eg tippa for meg sjølv på veg opp, var eg ikkje stygglangt i frå, og eg er ingen stortippar. Tipp i veg!!
Mange takk for god respons på tippekonkurransen!! Det var svært god spennvidde i svara. Frå 5 og opp til 125. Eg nemner at vegrøktaren sjølv var noko smålåten då han tippa 85.
Det var så jamnt at her må det “målfoto” til. Det var to Pålaveg-kjennar på topp av lista:
Kurt Haugland svara 125.
Åse M. Neset svara 124.
Underteikna må tilstå at eg ikkje stolar heilt på fasitsvaret mitt: 129. Eg har god unnskyldning. Kristian ringde meg, og eg talde kanskje litt fort då eg snakka i telefonen med han. “Målfoto” gjer at eg må forsøkja å telja på nytt i morgon!
(Ved kontrollteljing fredag blei det stadfesta at det er 124 stikkveiter. 3 teljingar.) Mange er det, og dermed ein heila jobb!

Og då eg kom ned att til hovudvegen; kven møtte eg der? Jo, Pål Haugland som hadde vore heime og fått seg litt mat. No stilte han med grafse klar til finpussen!

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland