Bergen har Lysfest. Uskedalen gjer seg klar for Lysmarsj over Skårhaug som endar opp med opning av den nye parkeringsplassen på Stemneplassen. Uskedal Friluftslag oppmodar alle om å finna fram hovudlykt og refleksvest. Dessutan er det høve til skriva ynskjelista og helsing til Børsdalsnissen. Den raude nissekassen er montert på toppen. Programmet ser slik ut:

Audun Eik og Ove Magne Myhre ynskjer velkomne til opning av P-plassen, torsdag 12. desember.
  • kl. 17.00: Samling i sentrum ved Julegrana – litt informasjon
  • kl. 17.15: Vi går i samla flokk med hovudlykter opp Skårhaug – til toppen 49 moh. – finn Nissekassen og legg ynskje oppi
  • Kl. 17.45: Samling på den nye parkeringsplassen. Uskedal musikklag, snorklypping, gløgg, kakemenn og peparkake – kort informasjon om prosjektet: Vegsikring, P plass og asfaltering
  • kl. 18.30: Slutt – takk for i kveld.
Nisseboksen på Skårhaug er montert. Skriv helsing til Børsdalsnissen og legg i boksen.

Parker i sentrum. Ver med på lysmarsjen. Dei som ikkje maktar å gå turen, parker v/ Bedehuset.

Styret i Uskedal Friluftslag inviterer naboane, entreprenør, Dugnadsgruppa og alle involverte til å vera med på markeringa.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal