Klar for innflyttting i Husnes Seniorsenter.
Eli og Edvard Myklebust frå Uskedalen er klar for innflytting i det nye seniorsenteret på Husnes. Dei var mellom dei tre fyrste seksjonseigarane som fekk utlevert nøkkel i går og dermed kunne starta innflyttinga. Overlevering og formelt bruksløyve er frå 1. juli. I neste veke vert det gjort klart for nye bebuarar. Av dei finn vi Gerd Torild og Per Gunnar Eik som no flyttar frå Valen til Husnes. Per Gunnar kjem frå Eik i Uskedalen. Bilete syner f.v: Edvard Myklebust, salsansvarleg Leif Helge Østebø og Eli Bringedal Myklebust.
Salsansvarleg for seniorsenteret på Husnes er Leif Helge Østebø. Han har slekt i Uskedalen. Østebø fortel til uskedalen.no at Eli og Edvard Myklebust var den fyrste seksjonseigaren som fekk nøkkel og dermed tilgang til leilegheten i 4. etasje med panorama utsikt mot kjøpesenteret og Opsongersvatnet. Østebø presiserer at det framleis er tre ledige husvære og at det mellom anna er visning i denne veka, torsdag og fredag mellom kl. 15.00 og kl. 17.00. Interesserte kan ta kontakt på mobil: 970 59 565.
Entreprenør og utbyggjar for Husnes Seniorsenter har vore Engelsen Bygg på Stord. Arkitekt: ABO Plan & Arkitektur. Kvinnherad Elektro har hatt alt på elektro. Framdrifta har gått etter oppsett plan med ferdigstilling og innflytting frå 1. juli. Arealet på grunnplan vert brukt til næring, boder, garasjar, miljøstasjon, teknisk rom og parkering. Leileghetene med 2 eller 3 soverom har høg standard. Alt er universelt utforma med mellom anna heis og romslege gangar og framkomst for batteridrivne rullestolar.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal