Klar for fullteikna Utvandrarseminar i Gamleskulen komande laurdag.
Uskedal historielag er klar for markering av Utvandrarubileet 200 år, med seminar komande laurdag. I oktober kjem Torkel Stensletten si bok Med von om ei betre framtid – utvandring frå Uskedalen 1849 – 1966. Seminaret er fullteikna. Plassen i Gamleskulen er avgrensa til om lag 6o personar. Matøkta vert i Helgheimskjellaren.

Påmeldinga er frå heile kommunen, også frå Stord, Voss, Sveio, Bergen og Sandnes. Ein av førelesarane, Julie Walker, kjem frå staten Montana i USA. Ho har familien med seg.
Etter opninga av ordførar Vegard Bjørnevik er Torkel Stensletten fyrst ut med sitt føredrag: Med von om ei betre framtid – om utvandring frå Kvinnherad. Etter dette kjem:
- Merethe Offerdal Tveit: Film om utvandringa frå regionen. Ho har også digitalisert eit lydklipp med John Richardsen frå nedre Feet, rancher i Montana.
- Jule Walker: Journalist og slektsforskar, etterkomar etter utvandrar frå Myklebust i Uskedalen
- Arne Sunde: Om norskamerikansk kultur
- Tormod Myklebust: Om utvandring frå bruk 14 på Myklebust
- Emigrantviser v/ Svein Rimestad og Kristian Bringedal
Med eit innhaldsrikt program må ein nytta tida godt. Ver tidleg ute for registrering og ein kopp kaffi. Start: Nøyaktig kl. 10.00.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Thor Inge Døssland