Det er lagt opp til ein variert og innhaldsrik julekonsert i Uskedal kyrkje komande sundag. I tillegg til kor og korps vert det fleire innslag frå yngre aktørar. Anna Hermann-Fossli, Martine Myklebust og Vilde Helgesen spelar kvar sine stykke på piano. Ebba Hermann-Fossli og Emilie Fredheim Aas framfører Nocturne og Mitt hjerte alltid vanker som duett.

Singing Tweens vert med. Røysterett for Alle og Husnes Blandakor utgjer eit storkor. Mindre grupper er GLIMRAH og Kvartetten ÆRE. Uskedal Musikklag har sin avdeling. Det same har kantor Eva Megyesi. Før siste innslag, Deilig er jorden, les Leif Inge Heim Juleevangeliet. Alle er velkomne til den tradisjonelle julekonserten i Uskedalen. Offer ved utgangen. Inntekta går til kyrkjemisikalsk arbeid i soknet.

Tilskipar: Uskedal sokneråd

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto (Øystein Enæs)/ faksimile frå plakaten