Bengt Ole Myklebust er ein av fleire i Uskedalen som ofte skriv til kommune og fylkeskommune når noko bør rettast. Ofte handlar det om trafikktryggleik, men også om mangelfull offentleg oppfylgjing av saker og tiltak. Etter mange e-postar til Vestland Fylkeskommune fekk Bengt Ole svar på klagen sin om utbetring av det dårlege vegnettet mellom Uskedalen og Herøysundet. Vegen skal no asfalterast. Dette viser at klage fører fram. Bengt Ole Myklebust oppmodar andre om å gjera det same. Mailadreassa er post@vlfk.no

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Oddvar Onarheim