Klagar på vedtaket i Forvaltningsutvalet om steinknusing
Innan fristen er det sendt klage på vedtaket i Forvaltningsutvalet 16.12.2020 om å gje løyve til knusing av stein på Børnes Industriområde. Klagen er underskriven av 17 naboar. Brødrene Hjønnevåg har sendt eigen klage på same vedtaket. Klagen gjeld steinknusing, ikkje sprenging.
I klagen vert det synt til pågåande arbeid med reguleringsplan for område og at det skal fastsetjast rammer i ny reguleringsplan med tilhøyrande føresegner. Klagar stiller spørsmål til vedtaket så lenge det pågår eit arbeid med reguleringsplan.
I saka til Forvaltningsutvalet hadde Kommunedirektøren innstilling om å ikkje gje løyve til knusing før det er fastsett rammer for dette forankra i den nye reguleringsplanen. Utvalet gjorde om på denne innstillinga.
Naboane vil ha klare retningsliner for kva tiltak som vert iverksett for å dempa støv, støy og at det vert laga plan for massehandtering, dette med bakgrunn i Lovdata Forureinsingsforskriften del 7, kap. 30.
Marit Hjønnevåg, dagleg leiar i Brødrene Hjønnevåg AS, har skrive lesarinnlegg med overskrifta: Kvifor vel vi å klaga på vedtak når vi er positive til utvikling på Børnes Industriområde ?. Innlegget ligg ute i Grenda og Kvinnheringen og kjem på trykk i dag og i morgon.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Eli Roseth Eik