Det er godt sal og overdraging av hus og eigedomar i Uskedalen. I august og september er det registrert om lag 10 eigedomar som har skifta eigar. Det gjeld hus, hytte, seksjon i sameige og gardseigedom. I motsetnad til nabobygda Rosendal vert dei fleste objekta selde kring takst, nokre litt over og nokre under takst. Eit hus/eigedom med takst på 3,3 mill.kr. vart seld for 1,94 mill. kr.

Seksjon 7 på Eikelandet Brygge har skifta eigar.

Oversikten under er ikkje fullstending. Det vert heller ikkje nemnd namn.

  • Ei hytte på Steinsletto er seld.
  • Eit hus i same område. er seld.
  • Ein seksjon på Eikelandet Brygge har skifta eigar.
  • Eit gardsbruk på Døssland er overdrege til ny eigar innan familien.
  • Skårhaug 6 er seld.
  • I Ospelunden er det seld tomter og leileghet i tremannsbustad.
  • Padlaporsen 1 er seld
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto. Arkivfoto