Kjenner du til at det vert produsert honning på Skorpo ? Ikkje det. No har du sjansen til å få vita meir om bier, bikubar og honningproduksjon. Anja Strüter fortel til uskedalen.no om arbeidet med honning og prosessen fram til lokalt sal. Skorpe honning er namnet og produktet er å få kjøpt på Elins Matgleder, Brødskreppa og REIN hudpleie. Dersom du ynskjer større kvanta, ta direkte kontakt med Anja på Skorpo.

Anja fortel at ho har gått tom for haust/lyng honning frå 2020, men det er ikkje lenge før ein kan få flytande sommerhonning på klemmeflaske og på glas. Bilete på topp syner kube 3 plassert hos familien Langballe, oppe i Skorpo der Johannes Hauge budde.

Anja fortel vidare at ho har bikuber på 3 forskjellige plasser på Skorpo. Det er fordi ein ynskjer at det er nok av alt av bier, humler og andre insekt og fordi Skorpo er mykje meir langstrakt enn rund. Det er dermed lettare for dei små å koma fram. Bier produserer meir enn honning, voks, propolis, biebrød og pollen er andre produkt som er gode å ha. Duften av ein open kube er magisk og bli brukt i mange land for dei med pustebesvær.

Honning har ulike smakar. Favoritten er sommerhonningen som smakar blomst. I Vågen bruker ein honning på skiva, i havregryn, i jogurt naturell og i mjød. I te smakar honninga best om temperaturen er under 45 grader. Då har honningen alle dei gode stoffa i behald. Andre bruksområde er til baking, til såre lepper og til ansiktsmaske. Den grove kristaliserte vert brukt til peeling. Kyr har fått sårstell med det gode vidundermiddelet og det med godt hell.

No kan du kjøpa Skorpe honning – lokalt produsert på Skorpo.

Norsk lynghonning er ganske nærme Manukahonningen frå New Zealand i faglitteraturen. Honning frå Skorpo er slynger, silt og tappa. Når den kristalisera, blir den litt grovere enn honning kjøpt i butikk. Kristaliseringa er ein reversibel prosess. Dersom du likar flytande honning, då er det berre å la den stå i vannbad under 45° ei stund.

Anja Strüter er birøktaren.

Å skriva om bier er spennande. Det viktigaste er at bier ikkje er vonde. Dei har berre lyst til å leva eit fredeleg liv. Blir dei redde, så kan dei stikka. Det er faktisk eit bruksområde til. I mange land let folk seg stikka med vilje for å forbetre helsa. Her i Norge er det berre legar som har lov til å utføre dette. Har du ein plen du aldri bruker til anna en klypping, så kan du vera med og støtta opp under insektmangfald i ei blomstereng.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat