
Kjetil Kringlebotten innsett som sokneprest i soknene Ænes og Uskedalen.
Kjetil Kringlebotten vart i dag innsett som sokneprest i soknene Ænes og Uskedalen. Soknerådsleiar i Uskedalen, Eli Roseth Eik, las opp tilsetjingsbrevet frå biskop Halvor Nordhaug og prosten i Sunnhordland, Svein Arne Theodorsen, hadde talen og sa fram helsing til Kringlebotten. Det same gjorde kyrkjeverje Torstein Aarthun frå kyrkjekontoret. Soknepresten tala over dagens tekst, henta frå Lukas, kap.9, 57 – 62. Overskrifta er: Jesus krev alt. Eli Roseth Eik yngste Kjetil og Carole Ann velkomne til Uskedalen. Kjetil har alt vore i prestetenesta eit år og kjenner soknene rimeleg bra. Før det var han sokneprest i Kvinnherad før han reiste til Durham i England og tok ein doktorgrad. Kyrkjekvartetten ÆRE song liturgi og til inngang og utgang. Bilete: F.v: Eli Roseth Eik, prosten i Sunnhorland Svein Arne Theodorsen, Kjetil Kringlebotten og Terje Enes.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal