Kan du kuvetreglane? Ikkje det. Her kjem informasjon frå Noregs Bondelag. Møter du på kyr når du er ute på tur i sommar, kan det vera lurt å hugsa på reglane. Ved å følgja kuvetreglene, kan både du sjølv, andre, og ikkje minst dyra føla seg tryggare i sommer. Næringa oppmodar alle om å ta omsyn. Her kjem Kuvetreglane:

  • Hald avstand til dyra og gå utanom flokken.
  • Ikkje gå mellom dyra. Kyr kan vera pågåande og skapa uønske situasjonar.
  • Ikkje gå bort til kalvar. Kua kan gå til angrep for å ta vare på kalven.
  • Ikkje ta hund med til beitande kyr. Hugs regelen om bandtvang.
  • Kyr er nysgjerrige og vil ofte ta kontakt. Trekk deg tilbake.
  • Opnar du ei grind, lat att etter du har gått gjennom.
Tekst/foto: Henta frå Noregs Bondelag sine sider
Nett: Kristian Bringedal