Komande fredag prøver Uskedal Utvikling noko nytt. Det vert “live musikk” på Kjellarkveld i Gamleskulen. Fire Rustne Menn stiller og framfører variert musikk, alt frå medley ( country), coverlåtar, pop og viser til irsk pubmusikk. Og sjølvsagt med song, slik det er når du reiser i vesterveg.

Fyrste fredagen i månaden er det til vanleg kjellarkveld. Nytt er det at ein prøver med band. Ope for alle. Aldersgrense: 18 år. Det er kaffi på kanna. Anna drikke må ein ta med sjølve.

Kom innom og ver med på noko som er nytt og som kan bli kjekt.

Med i Fire Rustne Menn er:

  • Hans Gertz: Munnspel
  • Tor Bjelland: Bass
  • Svein Rimestad: Gitar/vokal
  • Kristian Bringedal: Trekkspel/vokal
Tekst: Uskedal Utvikling
Nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkiv - Jan Gjertsen