Uskedalen.no har vore på synfaring og omvisning i den nye attraksjonen Fatlandskogen på Fatland, sør på Halsnøy. Grunneigar og ideskapar, Arne Gjerde, tok oss med rundt i eit eldorado av av aktivitetsløyper og arenaer for opplevingar. Kjell Musland frå Uskedalen/Seimsfoss er kunstnaren og den som skjer ut dyrefiguar i naturstien. Fatlandskogen er i utvikling. Det skjer noko heile tida. Alt er godt skilta og det manglar ikkje på god informasjon. Ta turen til Fatland. Det vil du ikkje angra på.

Arne Gjerde, grunneigar ig ideskapar, har lagt ned store ressursar i utvikling og utbygging av Fatlandskogen på Halsnøy.

I ein flott brosjyre finn vi informasjon om Naturstien, rundløypene og turløypene på Halsnøy. Gullhaug er truleg “rosino i pølso”. Gullhaug er eit 360 graders utsiktspunkt der du ser halve Sunnhordland. Mange av installasjonane er på plass, – ei lita kyrkje, amfi, talarstol. Her kjem det hagerestaurant med tilbod om lokal mat. I naturstien finn vi attraksjonar som SVIN PÅ SKOGEN og DET LANGE BORDET. Informasjonsplansjar fortel om alt vi ser og går framom – skog, skogbruk, natur, planateliv, kulturliv, miljø og klima.

Alt er ope og kan nyttast fritt. Grupper må tinga opphald og kan såleis ikkje slå seg ned utan løyve.

Det manglar ikkje på gode kart og informasjon i Fatlandskogen, alt tilrettelagt og utvikla av Arne Gjerde.

Arne Gjerde har teikna og prosjektert alt på eiga hand. Han har gode medhjelparar med seg, mellom anna bygdelaget. Skiltinga fram til Fatlandskogen er god. Det same er parkeringa.

På Gullhaug kan vi sjå oss rundt 360 grader og dermed ser vi halve Sunnhordland.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Gunnlayg Eik / Kristian Bringedal