Uskedal Musikklag vann Hordaamatøren.

Når ein les spalta med notisar frå eldre tider på side 3 i Grenda, dukkar det rett som det er opp kjekke minne. Nyleg blei vi minna om at det er 35 år sidan Uskedal Musikklag vann Hordaamatøren i Bergen, 3. divisjon, etter at korpset året før hadde vore særs fornøgde med 2. plassen bak Rosendal Musikklag. Vi kan vel trygt seia at Kvinnherad gjorde det svært godt i denne fylkeskonkurransen på den tida.

Faksimile frå Grenda nyleg.

På denne tida var musikklaget eit aktivt konkurransekorps og deltok i 1 til 2 konkurransar årleg. Det starta då Yngve Nikolaisen kom som ny, frisk og ung dirigent til sesongen 1985/86. Korpset deltok i NM i Grieghallen den sesongen. Musikarane måtte slita seg gjennom “Partita” av Edward Gregson. Det var pliktnummer i 3. divisjon slik det var på den tida. Stykket var nok i vanskelegaste laget for korpset, og det var vel knapt nokon i det store lokalet som let seg imponera av framføringa! Likevel var det ein svært viktig start på ein tiårsperiode der Uskedal Musikklag hadde ei fin musikalsk utvikling. Dessverre flytta Yngve til Tysnes etter denne sesongen, men han hadde sådd eit veksevillig frø. Musikklaget deltok i mange konkurransar dei følgjande åra. I tillegg til å delta i Hordaamatøren, reiste dei også over fleire gonger over fjellet og deltok i konkurransar m.a. i velkjende Grenland Brass der dei hevda seg godt. Fleire år var dei til Haugesund, og beste plassering der var 2. plass i Brass 92.
Desse åra var det i hovudsak Kjartan Wang Olsen frå Seimsfoss (far til Tor Skeie Olsen) og Per Olav Paulsen frå Sagvåg som delte på dirigentansvaret. Dei samarbeidde godt, og fortener verleg ære for denne gode perioden i Uskedal Musikklag si historie. Kjartan var på same tid dirigent for Rosendal Skulekorps som i alle fall var blant dei 10 beste skulekorpsa i landet i brassband-klassen på den tida.
Mange av dei som er aktive i Uskedal Musikklag i dag var også med i denne perioden.

Ein del av ungdommane som var med på den historiske hendinga
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Faksimilar frå Grenda