Det blei ei svært triveleg stund for både bebuarar, tilsette og musikarar då Veteranbandet saman med Kristian Bringedal besøkte Rosendalstunet med song- og musikkprogram i ettermiddag. Med Bringedal som ein framifrå føresongar og programleiar blei det svært god stemning etter som den ein fine songen etter den andre tona i rommet.
Etter opning med Roy Vorland/Knut Øygard sin kanskje litt ukjende, men særdeles vakre “Songen frå vest”, var det stort sett godt kjende tonar som blei spelt og sungne i den fullsette daglegstova. Engel Stensletten sin “Song til Eikedalen” har nok ikkje blitt sungen så ofte, men etter at bandet fekk Bjørn Aakre til å arrangera den, har denne fine, lokale songen heldigvis blitt betydeleg meir brukt.

Barndomskameratane Alfred (t.v.) og Bjørgulv Eik hadde ei god mimrestund før det heile begynte. Då var nok både musikklagsminne, tida i Gutteklubben Gordon, oppveksten på Eik og mykje anna på tapetet.

Det er alltid kjekt for bandet å opptre på Rosendalstunet. Slik var det også denne gongen. Kjekt var det at så mange deltok. Blant det flotte publikummet var det også mange kjende Uskedals-ansikt. Det var også tre tidlegare korpsmusikantar blant tilhøyrarane, – Alfred Eik, tidlegare musikar og i tillegg dirigent i Guttemusikken, Trygve Haugland, mangeårig tubaist og æresmedlem i musikklaget, og Reidar Myklebust som både har traktert trompet og gitar. Då “Vestland, Vestland” kom i programmet, blei også Trygve trekt fram til å vera føresongar saman med Kristian Bringedal. På bildet over ser vi dei tre tidlegare musikantane saman med bandet.

Kjekk helsing frå ein av tilhøyrarane.

Kristian Bringedal var så fornøgd med responsen at han heilt til slutt forlangde to gjennomkjøringar av det vakre opningsnummeret så no kan bebuarane på Rosendalstunet “Songen frå vest” godt.

Både musikarar, føresongar og publikum ser fram til neste gong dei møtest til song og glede! Neste tirsdag blir det også Uskedals-innslag når det er Syng med oss. Då er nemleg Rustne Menn på plass.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kristian Bringedal