Kjekk basar med flott musikk og mange, fine gevinstar.
Skulemusikken hadde i går sin første basar etter koronaperioden. Det føregjekk i Helgheim. Tradisjonen tru opna dei unge musikarane med flott musikk etter at det hadde blitt bore inn rikeleg med kaker, kaffi og saft på småborda i salen. Underteikna let seg og imponera over den gode avviklinga av basaren. Heile arrangementet med konsert, to åreomgangar med uttallige gevinstar, trekking av gevinstane på bøkene og kos med kaffi, saft og kaker gjekk unna på 1 time og 10 minutt. Det vitnar både om god planlegging og effektiv gjennomføring. Kjekt og spennande var det i alle fall!
I konserten fekk vi høyra tre nummer av korpset. Både vanskegrad og gjennomføring fortel at dei unge musikarane er i flott utvikling. Til opning spela dei ein svært kjekk medley der vi fekk høyra utdrag av mange kjende barnesangar. Flott! Likevel fall underteikna pladask av framføringa deira av ein rocka versjon av “Bæ, bæ, lille lam” med stor variasjon og veksling mellom instrumentgruppene i melodiføringa. Vokale innslag med preg av rap var det og. Her var det mykje trøkk og speleglede!! Tydeleg at også musikarane likte stykket som dei framførte særs godt!
Ingen konsert i skulemusikken utan at det er solonummer. Denne gongen var det Margrete, Mileah, Anna, Ann Cecilia, Norah, Ola og Erle Marie og Ylvas om gledde publikum på denne måten med Alle fugler, Vårsøg, Tema frå Flåklypa, Kom og høyr på hornmusikk og Tappenstrek.
Musikarane gjorde også ein flott og effektiv innsats som både loddseljarar og som gevinstutdelarar. Leiaren i Uskedal Skulemusikk Monica Hermann takka alle som hadde gitt flotte gevinstar.
– Vi har så mange støttespelarar som er så flinke å sy og strikka. Så fort dei høyrer vi skal ha basar, haglar det inn med gevinstar. Det er så kjekt! Tusen takk! sa ho mellom anna.
Vinnarar av gevinstane på bøkene:
Festivalpass, Festidalen | Anne Sofie Feet |
Dokke | Eldbjørg og Lars Myklebust |
Genser | Anne Sofie Feet |
Hekla løpar | Tina Sæberg |
Redningsvest | Ann Cecilie Da Silva Yri |
Sett med strikkasokker | Kåre Haveland |
Toalettmapper | Nelly Kjærland |
Frisørprodukt | Haldis Aakra |
Flaske og glass | Bjørn Ove Sunde |
Lue | Nelly Kjærland |
Sett med vinåpner mm | Britt Arnesen |
Handduk og grytekluter | Frode Skorpen |
Pledd | Adriana Da Silva Yri |
Vinnarane blir kontakta.
Dei som var på denne basaren fekk ei påminning om kor kjekt det er på basar. Og det er ikkje lenge å venta på neste basar. Søndag 26. mars kl.16 er den årlege helselags-basaren i Helgheim.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland