KJEKK AKTIVITETSDAG 1.MAI
Det var ein triveleg dag ved kunstgrasbanen 1.mai.
Det var over 60 stk. som deltok. Dei fleste tok turen rundt dalen og løyste 12 oppgåver undervegs.
Nokon valde ruta over Skårhaug der det og var 12 oppgåver som måtte løysast.
Eit tredje alternativ var ei ruta rundt kunstgrasbanen med 6 oppgåver.
Vi kåra ein vinner frå kvar av rutene.
Vinnara:
Linda, Lena, Leo, Lisbeth, Åsta og Astrid, 9,5 poeng – Ruta rundt dalen
Hanna Kjærland og Carina Øksnes, 9 poeng – Ruta over Skårhaug
Svein Jarle Legland – Ruta rundt kunstgrasbanen
Svar på spørsmåla:
- Ståle Eik og Knut Stensletten – Dei som heng opp lysa i toppen av grana
2. 1927 – Uskedal IL starta
3. Makrell – fisken på bilde
4. 31 – antall steinar i påsen
5. Hamla/skåte – ro bakover
6. Trombone – bilde av instrument
7. Lexus – bilmerke
8. 3280gram – vekt på steinen rundt dalen. 4804gram – stein over Skårhaug
9. 96cm – lengde på stokk rundt dalen. 106cm – stokk over Skårhaug
10. ca.100m – fyllinga over til Holmen
11. Åge Aleksandersen – mann på bilde
12. Venstre foten – beste foten til Erling Braut Haaland
Takk til alle som deltok!
Arr: Uskedal Utvikling