Brannen på Eikelandet Brygge vart meldt inn kring kl. 10.20 i dag tidleg. Vest politidistrikt melder brann i Uskedalen kl. 10.29. Kort responstid frå den lokale branntroppen hindra truleg spreiing og dermed storbrann i dei åtte leileghetene på plassen. Brannvernet frå Rosendal og Husnes kom kort tid etter og det vart iverksett ein større aksjon å få kontroll over brannen både på oppsida frå Fylkesveg 48 og frå sjøsida.

Brannen var som ein eksplosjon og ei tid så kraftig at fleire leilegheter kunne gått tapt.

Den ytterste leilegheten i Buasvingen er total skadd. Det same er eit eldre naust. Berre branntomta er synleg etter naustet. Dei næraste naboane kom seg raskt ut og fekk evakuert bilar i garasjar og carportar. Beate Valvik i leileghet nr. 2 varsla brannen på 110 sentralen. Dina og Tore Nordahl-Pedersen i neste seksjon såg røyken velta ut. Dei kom seg raskt ut og i sikkerhet.

Nokre småbåtar vart taua bort. Naboleilegheta vart skumbelagt for å hindra spreiing.

Rask respons frå det lokale brannvernet var avgjerande for å hindra ein storbrann.

Gunnbjørg og Magne Eik opna opp heimen for dei som trong det, med kaffi og mat. For andre var det ei sjokkoppleving. Lege var på plassen og assisterte. Ingen vart skada i brannen.

Brannårsaka er, så langt uskedalen.no kjenner til, kjend. Etter ei tid vart straumen kopla til og alle dei andre i bustadrekkja kan flytta inn i seksjonane sine. Det er framleis i 18 tida, brannvakt på plassen.

Brannvernet jobba med sløkkjing både på oppsida og frå sjøsida.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Hans Ordin Østebø/ Kurt Haugland