Karnevalsgudsteneste i Helgheim, komande sundag kl. 11.00.
På søndag inviterer kyrkja til karneval i to av bygdene våre. Om føremiddagen vert det karnevalsgudsteneste i Helgheim (Uskedalen) og om ettermiddagen i Husnes kyrkje. Kle deg ut om du vil! (Ikkje heildekkande maske). Trusopplærarane og andre tilsette i kyrkja har funne fram utkledningsklede og gler seg til å treffa alle som kjem.

I forkant kan ein koma for å få låna utkledningsklede dersom ein ynskjer det og etter gudstenestene vert det saft/kaffi og boller. Desse gudstenestene er laga spesielt for dei som blir 7 eller 8 år i år. Dei har fått invitasjon i posten, men alle andre er sjølvsagt og velkomne til å vera med.
I gudstenesta syng ein ilag, høyrer Bibel-forteljinga om Jesus og Bartimeus Kristine Hestad vil fortelja frå turen til Etiopia med Kirkens Nødhjelp som ho fekk vera med på i haust. Vi får høyra om korleis vi kan vera med og
hjelpa andre.
Kvifor feirar ein karneval i kyrkja? Karneval betyr «farvel kjøtt» og over heile verda markerer karnevalet inngangen til fastetida. I fastetida har tradisjonen vore at ein skal avstå frå kjøt, leve enkelt og førebu
seg på påska sin bodskap. I kyrkja er det rom for heile livet: leik og alvor, liv og død. Når kyrkja inviterer til karnevalsgudstenester, er det nettopp for å ta både livets alvor og leik inn i kyrkja.
Ta gjerne med deg heile familien, fadrar og naboar. Vi gler oss til å sjå deg i kyrkja!
Tekst: Pressemelding Foto: Arkiv/ Kyrkja i Kvinnherad Nett: Kristian Bringedal